Sjå https://fordehuset.no/kinoprogram/ for fleire framsyningar
Yngve Nedrebø er statsarkivar i Bergen. Han leverte hovudfagsprøva si i historie i 1979, og har gjennom eit langt yrkesliv skrive tallause artiklar og bøker med utgangspunkt i historiske kjelder. Nedrebø er kjend som ein svært kunnskapsrik formidlar, og har eit særleg sterkt engasjement for sårbare grupper i møte med «overmakta».
No. dokumentar 1t. 15 min (12 år) Ungd/Vaksne. "Ein sterk, vellaga og viktig film" - Dag og Tid
«Ein rørande og opprørande dokumentar om jakta på sanning om «tyskerjentene». “De rettsløse” opnar opp eit ukjend kapittel i etterkrigshistoria vår. Gravejournalisten Lena-Christin Kalle avdekkjer rystande historier om tyskerjentene, kvinner som vart utsette for brutale overgrep frå staten etter å ha innleidd forhold med tyske soldatar under andre verdskrigen. Vi får høyre modige tidsvitne dele sine historier.